4. januar 2012

Mexico

No er det slik at eg nesten kan byrje å telle timane til eg sitt på flyet mot vest..! Dei siste tinga skal få krype ned i sekken, rommet mitt skal få helsa på vaskefilla,  og eg vil ta eit siste bowlingslag og ein god middag med min kjære familie; SÅ er eg klar til å reise ut på eventyr! Ikkje skjønar eg det heilt, men eg skal då prøve å blogge litt om det likevel :)

Du kan følgje reisa på "Viva La Vida En Mèxico"

(det vil med andre ord verte stilt her endå nokre mnd)

Ynskjer dykk eit godt nytt år!

24. september 2011

Å få rumpa bar i ein brenneslebusk

...svir faktisk ikkje så mykje som ein skulle tru. Må ein så må ein, men skal hugse å sjekke buskart ved ein seinare anledning.

22. september 2011

Fyrverkeri til å verte bergteken av

Dei gula lauva som fargar bakken og kald luft som blæs friskt, gjer at det kriblar i magen. Store, mjuke skjerf i haustens fargar varmar halsen, og turane på min gamle sykkel vert ei svevande oppleving.

Eg likar å treffa att gamle vener, og gå turar i skogen. Eg likar den friske lufta, og at regnet plaskar ned, slik at ein vert søkkvåt. Eg likar at vêret ikkje klarar å bestemma seg, slik at sola kikkar fram mellom skyene like etter, og ein  plutseleg vart tørr att. Eg likar at det er mørkt ute, og eg likar at når Gud seier ein ikkje treng å bekymra seg for pengar, så meiner Han det. .


Eg likar å sjå gamle episodar av friends og drikka varm sjokolade.   

15. september 2011

He knows





“The Word became flesh and made his dwelling among us.”  John 1:14 NIV
The one to whom we pray knows our feelings. He knows our temptation. He has felt discouraged. He has been hungry and sleepy and tired . . . He nods in understanding when we pray in anger . . . He smiles when we confess our weariness . . .
He, too, knew the drone of the humdrum and the weariness that comes with long days . . . God became flesh and dwelt among us.

10. september 2011

Ein siste slurk av sumaren

I dag rusla eg ned til sjøen her i Sandnes. Det var herleg å ligge på brygga,  medan vinden ruska lett i håret og mine bare tær vågde seg utanfor kanten, truleg for siste gong i år. Å sjå tangen som bølga seg fram og tilbake over steinane, pirra nyskjerrigheita mi over kva som fantes djupare der nede.
Så slo det meg at dette er jo ein byfjord, og at eg kanskje ikkje burde ha for store forhåpningar...


9. september 2011

Kvardag

Brått vert det kveld, etterfulgt av ein ny morgon og ein ny kveld. Dagen gjekk, veka gjekk, månaden gjekk. Og mykje opplevde ein, mykje lærte ein, mange folk traff ein. Og mange folk treff ein ikkje fullt så ofte lenger. Tida dunkar som eit taktfast hjarte.

Når ein gamal klassekamerat ligg sjuk, byrjar tankane å spinna. Alle dei gode minna dukkar opp. Vitsar, latter og tårer. Turane, fellesskapet og hans trygge famn. Gode opplevingar som vart pumpa inn i livet. Ting det er lett å ta for gitt, og gløyme å vera takksam for. Alle dei gode stundene frå plassar ein har flytta ifrå, og menneska der som no har nye kvardagar. Nye kveldar og nye morgonar.

Eit smil lurar seg fram; seriøs og useriøsitet på pulterekka i klasserommet, klassedisco til blinkande lykter i ei hòle på vinterfjellet, leiting etter kidnappa sko i sjøen ved brygga og lange kveldar med gode samtalar. Minna heng tett som perler på ei snor.



Eg gler meg til resten av livet. Eg gler meg til å oppleva fleire minne og kjenna nye folk. Eg gler meg til å sjå att dei gamle. Livet straumar gjennom kroppen. Snart vert du frisk att. Tida har ikkje slutta å slå enno. 

3. september 2011

To jobbar og ein katt


Hei og hopp alle mann,
har kjem ei oppdatering frå mi venstre og høgre hand. 

I lett duett dei over tastane flyg, 
medan eg lyfter blikket og inspirerande tankar til meg syg.

Heime hjå far eg no har mitt rede
til bankkontoen min stutt om stadig får det betre
Eg jobbar og jobbar både dag og natt,
og når svevnen fyrst vert prioritert
er det til ei jamn during frå min kjære katt.

No lyt eg sove før natta luskar seg på
eg ynskjer han velkommen no, men fryktar han då.

Eg lyftar blikket att, men alle poetiske rim og vendingar forsvann
 fortvil ikkje, etter endt nattevakt vil nok oppdateringa mi halde fram

<3

2. mars 2011

Nicaragua


Jepp, eg ante heller ikkje kor i all verda dette landet låg hen, fyrste gong eg høyrte om det. Times are changing derimot, og 8.Mai er det mot dette landet eg sett snuten.(Om du framleis ikkje veit kor det er; i latinamerika, fastlandet ein plass innforbi cuba..) Mi kjære Gunhild oppheld seg der i ca 4 deilige månader, og eg planlegg å vera tilstades dei to siste vekene av dei.(Sickawakka!) Ganske spontant var det eg bestillte bilettar med lånte pengar(daddy, you will get them back), så no vert det nok eit eventyr på meg og H! Bør snart byrje å jobba no, ikkje berre reise :) Eg  gleder med i alle fall stort! Prøvar å spinke og spare på dei pengane eg har  no, slik at det strekk til i alle fall overnatting, og kanskje nokre uforglemmelige dykk når eg er der borte! Noko som eigentleg ikkje bør vera for vanskeleg, med tanke på at ei overnatting med relativt grei frukost kan skaffast for under 50-lappen.. Snakkes snart Gunhild!!!


ser fram til å vandra i desse gatene, medan eg sug til meg av kulturelt liv, luktar og lydar!

Eit glas vin med Sigur Ros. Ein fin kveld.

19. juni 2010

Dagens to gleder!






Fargeglade nyper i Hardanger. Lik

17. juni 2010

Noko å fylla litt av tomrommet med, no når alt brått er over. Og så er det jo kjekt å skriva då.

Det er ikkje berre til å stikka under ein stol; det faktum at eg alltid har likt meg på skulebenken. Det har riktig nok vert eit pes med prøvar og innleveringar, og alt det styret der, men å sitja at med kunnskapen og ny innsikt likar eg veldig godt. Det er derfor også med ein smule vemod at eg no har avslutta tretten års skulegong. Artium i boks, check, men kva no? Eit år på folkehøgskule vil sikkert gje meg litt hovudbry, men ikkje som på skulen. Eg kjem til å verta dum som eit kålhovud, og all kunnskap vil jo forgå om eg berre driv med slike kjekke, kroppslege utfaldingar i eit heilt år! I desperasjonens augneblink var det løysinga kom til meg; eg måtte

byrje å blogga att. Slik kan eg få halda ved like det vakraste skriftspråket, få bryna meg på ulike saker og ting, og folkens; eg ynskjer meg med dette ei framandordbok! ”Weirdo”, tenkjer du kanskje no, ”du har jo nett vorte ein fri fugl!” Fri til å velja å suga til meg meir kunnskap tenkjer eg, og eg finn det ekstra underhaldande om eg får bruka slike kjekke ord! Kanskje er det slik att eg tek meg litt for mykje vatn over hovudet no (eg gjer strengt tatt det, har jo ikkje planar om å tilbakeleggja meg så mange lærebøker med det første… Ikkje er eg alt for glad i å sjå på nyhende heller), men det er jo lov å drauma. Og å reflektera litt. Ei klok tante sa ein gong til meg; ”To be all that is possible, we must attempt the impossible. To be all that we can be, we must dream of being more”.

Med desse kloke orda, som eg burde ha funne ut kven som har eigarrett på, inviterer eg deg til å følgje bloggen min att. Dette om du er interessert i mine refleksjonar, kvardagsbegeistringar eller rett og slett finn all nynorsk verdt å lesa!

Farewell to what have been, hello to what will come! :)

23. oktober 2009

HEI HEI

andreas var her!!!!!!!!!

Bloggoppdaterting


...fordi livet er fint..

.. og eg skal på dykkarkurs i helga. Forhåptenligvis møter eg ikkje på ein slik ein...

13. august 2009

<3

Ah, for ein herleg dag! :) Sola skin frå ein nesten skyfri himmel( i alle fall det eg kan sjå ut av vindauget), graset er nyklypt og eg har just funne ei digg bolleoppskrift eg skal gå i gong med. Eg likar slike dagar der eg berre puslar rundt med skikkelig husmorting :P Har liksom ikkje tid til det i det vanlege. Berre ein liten ting som skulle vert annleis, så hadde denne dagen vert nær til fantastisk! :D


festivalminne<3

Så no skal eg kosa meg med P4 (skru opp lyden dere, det er sommer!), kanskje litt bilteori og etterkvart denne:

200 g smør eller margarin
6 dl mjølk
2 pakkar gjær
2 ts kardemomme
2 egg
2 liter kveitemjøl

Sett steikeomnen på 200 grader. (Eg tøysar ikkje, gjærmengda gjer at desse bollane hevar superfort.) Smelt smøret i ein kjele. Ha i mjølka, og la det heile bli fingervarmt. Smuldre opp gjæra i ein stor bakebolle, eg brukar kjøkkenmaskin til dette. Slå den fingervarme mjølkeblandinga over, og løys opp gjæra. Ha sukker og kardemomme i bollen, saman med to samanvispa egg. (Eg har lagd desse bollane utan egg, og det går også fint, så har du ikkje egg kan du bake dei for det.) Ha i mjølet litt etter litt til du får ein passe fast deig. Når du har hatt oppi 1,7 liter mjøl kan du byrje å kjenne på deigen med ein tørr finger. Deigen er passe når den ikkje lenger klistrar seg til fingeren. La deigen heve i 20-30 minutt.

Vil du lage vanlege bollar, trillar du ut passe store bollar med eller utan rosiner. Denne deigen gir ca. 25-30 bollar. Pisk saman eit egg som du penslar dei med, før du let dei heve. Steik bollane på 200 grader midt i omnen i 15-18 minutt.

12. august 2009

Speilrefleks

Malene har endeleg runda 18, og har dermed fått inn nokre slantar til å kjøpa seg kamera for! :D Spyrjesmålet no er berre kva skal eg kjøpe?! Gira på eit nybyrjar/vidarekommen kamera til ein ikkje altfor dyr penge:D tenke sånn ca 5000 kanskje. Gjerne mindre og, så får ein meir peng til ekstrautstyr;) Så, om du har litt peiling/erfaring, kva anbefaler du, og kvifor? :)

Eit lite glimt frå den siste veka på Arena! Eg har herved investert i leopardtights og rosa helsetrøye x) Life ain't more fun than you make it!:D